EIN PLAN FØR DET HASTAR
Service- og beredskapsavtalar
For bedrifter, industri, hotell, restaurantar, utleigarar og burettslag som ønskjer føreseieleg oppfølging av vatn og avløp.
NÆRING · INDUSTRI · BURETTSLAG
Service og beredskap tilpassa dykk
Ein god avtale byrjar med å kjenne eigedomen. Vi tilpassar oppfølginga til anlegget, drifta og kva hjelp de treng – anten de har éin eigedom eller fleire.
Serviceavtale
Planlegg vedlikehald, kontroll og utskifting før problema blir akutte. Vi avtalar omfang, intervall, prisar og dokumentasjon for det enkelte anlegget.
Beredskapsavtale
Avklar stoppekraner, tekniske rom, tilgang og kontaktpersonar på førehand. De får ein avtalt kontaktveg og avklarte vilkår for utrykking.
Vi blir kjende med eigedomen
Saman går vi gjennom stoppekraner, tekniske rom og viktige installasjonar. Vi avklarar tilgang, nøklar, kontaktpersonar og kven som kan bestille arbeid.
Vilkår som er avklarte på førehand
Omfang, prisar og vilkår for utrykking blir avtalte før avtalen tek til. Utført arbeid blir dokumentert, og vi avklarar behovet for vidare oppfølging.
Rett lokalavdeling for kvar kunde
Kvar avtale blir tilpassa kunden og den 24 Rør-avdelinga eigedomen skal høyre til. Har de eigedomar i fleire område, kan vi samordne oppfølginga mellom avdelingane med Vest Rørmontasje i ryggen.
Ved ei hending vurderer vi kor mykje det hastar og kva kapasitet vi har. Venta oppmøte blir avklart på telefon.
Sjå avdelingane i kartet →